NYTT HÅP

Ver med å hjelpe brannskadde barn i Etiopia!

Farvel Etiopia!

Då var eg og Joel plutselig på reisefot heim igjen til Norge. Me reiste seint i går kveld frå Addis Ababa, og sitt i skrivande stund på flyplassen i Amsterdam og venter på flyet til Bergen. Det har vore ein fantastisk tur, og me vil fortsette
å oppdatere bloggen med tekst, bilde og video dei kommande dagane, for å vise litt av det me ikkje fekk tid til å publisere medan me var i Addis (bla. grunna dårlig nett).

Siste dagen i Etiopia var me så heldige at me av Einar Eriksen blei dratt med på Addis sin høgste fjelltopp (ca. 3300 m.o.h), døpt av dei norske til «Sukkertoppen». Dette var ein kjempeflott tur som fekk både meg og Joel til å sjå ut som nokre kokte hummarar om kvelden.

Advertisements

Mektig landskap!

Dagen etter Walk And Run tok me turen opp på det 3100 meter høge fjellet, Mount Jerer. Det skulle etterkvart visa seg at fjelturen kom til å bli eit av høgdepunkta på Ethiopia -opphaldet. Eit lite stykke før toppen opna landskapet seg opp og me fekk vera vitne til noko av det flottaste Ethiopia har å by på av natur. Voldsomme djup og spektakulære fjelltoppar krinsa rundt oss. Me vart begge mållause og kom fort til einigheit om at fjelllandskapet som låg føre oss var noko av det mektigaste me hadde sett på lang tid. Det er umogleg å beskriva med ord, men bileta (kjem snart…) og film nedanfor kan gi deg eit lite innblikk i dei magiske øyeblikka me opplvede.

Men det var ikkje «berre» fjelllandskap som krinsa rundt oss. Ein stor flokk med øranar segla elegant i vinden like over hovudet vårt. Nok eit mektig syn!

Joel og Asbjørn nytar fjelllandskapet:


Sprang inn over 80 000 kroner!

Etter litt utrekning har Joel og Asbjorn komme fram til at totalbelopet som er sprunge inn ligg paa mellom 80 000-90 000 norske kroner. I tillegg har ein god del andre sprunge inn pengar for Children’s Burn Care. Kor mykje Children’s Burn Care totalt har faatt inn paa innsamlingslopet Walk & Run 2012, er enno ikkje kjent.

Asbjorn og Joel ynskjer med dette aa takke kvar enkelt givar for innsatsen og givargleden. Du er med paa aa gjere ein forskjell! Me vil komme til aa kontakte kvar enkelt med info om kva de skal faa lov til aa gje 🙂

Sjekk forresten gjerne ogsaa ut Samningen kommande torsdag for meir info fraa oppholdet i Afrika og arbeidet som blir drive av Children’s Burn Care!

Nytt kontonummer!

Me har no fatt nytt kontonummer, slik at pengane som skal settast inn til Childrens Burn Care skal settast inn paa: 3530 25 63401.

Me vil kontakte den enkelte som har sponsa oss medd takk og info om kor mykje dei skal betale (med mindre dei allereie har betalt).

Kjempesuksess i Walk & Run!

Mange hundre mennesker møtte opp for å delta og heie i innsamlingsløpet Walk & Run. Nesten alt som kunne krype og gå, frå 0-100 år sprang, og det var stor stemning rundt bana. Fyrst sprang dei små barna 30 minutt så langt dei klarte rundt den 300 meter lange bana på International Community School (ICS), før det var tid for oss ”store barna” å springe 1 time rundt løpsbana.

Barn som har blitt operert og behandla av Children’s Burn Care deltok også i løpet, deriblant denne gutten på krykker som viste ein imponerande fart.
Med over 25 grader i skyggen vart det ein varm opplevelse for oss alle, då løpsbana var bada i sol. I tillegg gjekk løpet i 2400 meter høgde over havet, noko som sørga for ekstra tung pust for alle saman. Eg og Joel var spent på korleis me ville takle denne utfordringa, men det gjekk overraskande bra. Det gamle trikset med å helle vatn over hovudet i varmen, funka fint, og sørga for at hovudet ikkje blei alt for tungt. Før løpet hadde Joel forhåpninger om 39 runder. Asbjørn hadde forhåpninger om over 40 runder.

Halvvegs ut i løpet såg me at me kom til å klare måla våre ganske greitt. Kanskje kunne me klare 50 runder? Ettersom me var usikker på korleis me ville takle forholda, opna me kontrolert og rolig. Etter 30min og 45s hadde me 25 rundar. Me auka så farten litt, slik at rundetida gjekk ned med om lag 5-7s. Me passerte den 40 runden på 49min og 10s og øyna eit lite håp om at 50 rundar var oppnåelig viss me klarte å halde oppe tempoet. Fram til det var 5 minutt igjen følgde me kvarandre som katt og mus, men så byrja Joel å kjenne på melkesyra, og måtte gi nokre meter til Asbjørn. Etter 1 time hadde Asbjørn 50 rundar og 20 meter, mens Joel fulgte 20 meter bak og klarte akkuratt 50 rundar på sekundet.

Verds-og olympisk mester, Meseret Defar var også med i løpet, og fekk æra å starte løpet. I det heile var det ein stor dag, og heilt sikkert eit løp som også vil bli arrangert til neste år. Kanskje kan me arrangere noko liknande i Samnanger og/eller Bergensområdet?
Me kjem tilbake med info om kor mykje penger som blei sprunge inn. I tillegg vil me også prøve å legge ut ein video frå løpet og løpsdagen.

Afrika: Glede tross fattigdom

Afrika er full av fattgdom og nod. Du finn baade barn og voksen uten haap og framtid. Kjem du fraa ein fattig familie krevs det svaert mykje for aa komme ut av fattigdommen. Eg og Joel ser noden kvar einaste dag i gatene, og det er vanskelig aa ikkje kjenne paa daarlig samvittighet for alle dei fattige og sjuke som me daglig gaar forbi, uten aa gjere noko for dei.

Du som bur i Norge er skjerma for det meste av slike vanskeligheter, sjolv om det finns fattige og lidande, ogsaa i Norge. Dermed er det lett aa gloyme kor ufattelig godt me har det – me forstaar det ikkje for me ser virkelig nod, fattigdom og sjukdom. Ikkje la all velstanden i Norge slove deg ned slik at du gloymer kor vanskelig andre har det. Husk at du har mulighet til aa gje haap til lidande barn ved aa sponse meg og/eller Joel med fast belop eller belop per runde i innsamlingslopet Walk & Run, eller aa direkte sende penger til Childrens Burn Care Foundation paa kontonummer 4202 30 30300.

Paa tross av all fattigdommen moter me glede blant det etiopiske folk. Det kan desse videoane illustrere:


Manglande turnferdigheter overbeviser ikkje etioper


Provde aa turne litt for ein liten afrikansk gutt, men han blei ikkje heilt overbevist: http://www.youtube.com/watch?v=VBPZwbSOAhI&context=C3393453ADOEgsToPDskIn-ZjDbMgcLy4FqDyCvEpV

Katten seier: Aa saa deilig!

I Addis varmer sola godt – baade for mennesker og dyr. Ettersom dyr ikkje kan snakke, sorger Joel for aa gje denne smilande katten si rette stemme: http://www.youtube.com/watch?v=9YAg7Hi1Jdw&feature=context&context=C3b0741dADOEgsToPDskIn-ZjDbMgcLy4FqDyCvEpV

Rasediskriminering paa godt og vondt!

Det er mykje som er kjekt ved aa vere kviting i Afrika. Det er ingen tvil om at rasediskriminering ikkje er til aa unnga, paa godt og vondt. Paa den eine sida maa me kvitinger betale meir, feks. naar me tar taxi eller kjoper noko som kan prutast paa, ettersom det a vere kvit her i Afrika er einsbetydande med aa vere rik. Paa den andre sida faar me komme rett inn paa luksushotell og lignande, uten nevneverdige kontroller, i tillegg til at me nyter stor oppmerksomhet naar me spring. Det er ikkje faa afrikanarar som heier paa oss naar me spring i gatene, og moter me paa hardtsatsande loparar i skogen, vil de gjerne springe med oss, i haap om aa faa kontakt med ein manager eller sponsor som kan faa fart paa lopekarieren deira.

Barna er ogsaa interesserte i oss, slik du kan sjaa paa folgande video: http://www.youtube.com/watch?v=BE7mA7ibP3I&feature=youtu.be

Paa lopetur med verdensmester og olympisk mester! (med bilde og video)

I dag fekk eg og Joel muligheten til aa vere med ein av verdens beste langdistanseloparar, sjolvaste OL – og VM-vinnar Meseret Defar paa lopetur! Meseret og familien hennar viste stor gjestfrihet, og inviterte oss faktisk ogsaa paa frokost etterpaa. Asbjorn kan bevitne at afrikanarane paa ingen maate gaar paa lavkarbo. Her gjekk det i bord, honning, pannekaker og sirup.

NYHET! Sjaa video fraa turen med verdensmesteren og den olympiske mesteren! http://www.youtube.com/watch?v=vbnKIE2_nms





Bilder fraa treningsturen med Meseret. Det siste bildet er av huset hennar.

Etter hektisk leiting etter taxi i morgentimene var me paa plass ved huset til Meseret kl 06.40. Saa bar det ut paa landet til 2600 meters hogde. Meseret hadde med seg ein pacemaker (fartsholdar)(eller peacemaker, som Joel trudde dei heitte…!), og turen starta rolig, foor farten berre okte og okte. Til slutt var me oppe i sone 5, dvs. rett under makspuls. Daa Joel spurte Meseret kor ofte ho kjorte hardokter som dette, svarte ho til vaar forundring at dette var ei rolig til middels intensiv okt.

Turen varte i 50 minutt, og etterpaa bar det heim til Meseret for frokost. Mest sannsynlig blir det fleire okter med verdensmesteren seinare paa turen. Meseret sprang laurdag eit grand prix-stemne i England der ho vann overlegent paa rundt 8.30 paa 3000 meter. Ho trener no hardt opp mot 3000 og 5000 meter i OL i London i aar.

Ingen treng vel tvile paa at baade Joel og Asbjorn syns det var ein stor aere (og hardt) aa faa springe med verdensmesteren, i tillegg til at det ogsaa var veldig kjekt og laererikt!